Dato: 07.05.2008.

Visningsfjøs på Søgnesand i Jølster er klar

Geitefjøsen på Søgnesand i Jølster kommune er no ferdig påbygd og ombygd.

Hilde og Ragnvald Søgnesand har gjort avtale om at fjøsen skal kunne nyttast som visningsfjøs.

Dei som ynskjer å nytte seg av dette tilbodet kan kontakte underteikna så avtalar eg med eigarane.



Geitehaldarar som går med planar om investeringar i eigen fjøs bør absolutt nytte høvet til å sjå denne bygningen. Ved å sjå andre fjøs kan ein få gjort seg opp meiningar om kva for løysingar ein sjølv ynskjer og kva ein ikkje vil satse på.
Fjøsen har plass til ca 150 mjølkegeiter og den har eiga kjeavdeling med god plass til 60 – 70 kje, fordelt på 6 bingar.

Fjøsen er bygd på på eine langsida med 2 x 12 mjølkestall frå AHI, i tillegg inneheld det nye arealet mjølkerom, kontor, dusj/toalett og noko nytt areal til geitene. Fjøsen framstår som lys og triveleg med eit godt inneklima.

Arealet til geitene består av tre store bingar. Ved å stenge eller opne eit par grindar kan geitene bevege seg fritt på heile arealet eller dei kan stengast av i t.d. eine bingen, for eksempel under mjølkinga.



Bingefrontane har ei litt uvanleg horisontal eteopning som gjer det muleg å stenge fast geitene for eksempel ved vaksinering, klauvskjering osv.

I forsentralen er det montert grovforrivar/kuttar frå Serigstad, kor rundballar eller silohiv blir lagt rett ned i og rive/kutta opp. Denne investeringa har teke bort det tunge arbeidet som siloforinga utgjorde tidlegare.

Tre kraftforautomatar, levert av AK-maskiner, sørger for individuell foring fordelt på fleire små rasjonar i løpet av døgnet.

Med helsing Ola Søgnesand


Attende til hovudsida