Prosjekt ”Geit i Vekst”

Mai 2007 - Av prosjektleiar Ola Søgnesand

Geit i Vekst er eit treårig prosjekt som vart starta 1. januar 2007. Prosjektet omfattar alle geitehaldarane Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, uavhengig av kvar ein leverar mjølka, eller kva selskap rådgivaren er tilknytt.

Etter få dagar kunne ein alt konkludere med at dette må geitehaldarne berre ha venta på. Sjølv lurte eg ein del på korleis starten skulle bli, og hadde i lag med arbeidsutvalet for prosjektet laga ei plan for å komme i gong. Planen har heldigvis ikkje vore nødvendig å henta fram enno då det har vore meir enn rikeleg å ta seg til.



Litt om aktiviteten til denne tid:

Bygningar:
Mange geitebruk har fjøs frå tidleg på syttitalet og oppover til først på åttitalet. Etter den tid har det vore lite byggeaktivitet og stort sett berre nødvendig vedlikehald har vore utført.
No ser det derimot ut til at ein god del produsentar ynskjer å fornye driftsbygningen for å gjere kvardagen betre både for geitene og røktar. Dette er både bra og heilt nødvendig og har ført til at mange har teke kontakt. Dei som kontaktar meg er som oftast ute etter å få generelle råd i samband med påtenkt investering i fjøsbygningen og i tillegg opptekne av kva som finns av nye- og framtidsretta løysingar.
Enklare og raskare mjølking, betre plass til dyra, enklare grovfor-handtering og automatisk tildeling av kraftfor har høg prioritet hos dei fleste.
Den 19. og 20. april var eg i Troms for å bli oppdatert på det nyaste innan geitefjøs (Noras hus). Biletet er frå denne turen, og viser ein mjølkestall med plass til 2 x 12 geiter.

Landskapspleie:
Landskapspleie med geit er eit av satsingsområda i prosjektet , også på dette området syner geitehaldarane stor interesse. Det er etablert eit godt samarbeid mellom FMLA i Sogn og Fjordane og ”Geit i Vekst” gjennom eit landskapspleieprosjekt for Sogn og Fjordane kalla Ope landskap, der planen er å lage ei slags ”kokebok” om landskapsleie med geiter. Elles har eg vore på fleire møter både i Ørsta og Volda der tema har vore landskapspleie. Målet er å utvikle dette til ei næring der geitehaldaren skal få ei fornuftig betaling for å ta på seg oppdrag med landskapspleie. Er sjølv med i ei arbeidsgruppe i Ørsta som er godt i gong med å utvikle denne ideen.
Ved nokre høve har ein vore førespurd om å gje råd i samband med ynskje om å nytte geiter/kje til landskapspleie, i den samanheng har ein vore ute og sett på dei aktuelle områda for å kunne gje råd om val av gjerdeløysing m.m.

Sanering:
I nokre områder er det alt gjort mykje med sanering mens det i andre områder står mykje arbeid att. Tilbakemeldingane frå dei som har sanert er svært positive, det vert m.a. sagt at dei snappa kjea veks mykje fortare og i tillegg verkar dei meir spretne og trivelege. Mjølkemengda per geit ser ut til å auke med 15 – 20 % på same kraftformengde.
Det har vore utført gardsbesøk og eit møte vedrørande sanering. I tillegg er det planlagt to møter som skal avviklast i løpet av mai. Det vil bli auka fokus på sanering i tida som kjem.
Under siste jordbruksavtale (2006) skjedde det utrulege at retten til avløysartilskot ved sanering fall bort. Grunngjevinga frå departementet skal vere at ein under forhandlingane hadde fått opplyst at ved sanering er det tomt for dyr på garden i tre år.
Det har vore arbeidt aktivt frå fleire hald for å få avløysartilskotet inn at ved årets jordbruksavtale. Sjølv har eg vore i telefonkontakt med Noregs Bondelag for å fortelje om korleis den verkelege arbeidssituasjonen er og kor øydeleggjande bortfall av løysartilskotet er for arbeidet med å få sanert heile geitepopulasjonen. Det vart frå Bondelaget si side lova å ha høg fokus på denne saka.
I tilbodet frå staten til årets avtale er avløysartilskotet på plass igjen.

Kjekjøt:
På dette området er det mykje ugjort enno, både når det gjeld å utvikle gode løysingar hjå produsenten og når det gjeld å utvikle produkt av kjekjøt. ”Geit i Vekst” tok initiativet til eit møte (slakteridag) hos Nortura avd. Førde. Dagen starta med middag på anlegget, deretter var det omvising, kvalitetsvurdering av kjekjøt og til slutt ei samling der ein oppsummerte og diskuterte økonomien i kjekjøtprodusjonen. Alt for få geitehaldarar møtte fram, men tilbakemeldingane var gode frå dei som var der. Det er muleg at slakterisamyrkje no vil ta tak i dette med kjekjøtproduksjon for å prøve å utvikle eit landsdekkande opplegg i høve til produsentane, og i tillegg starte ei produktutvikling med mål om auka interesse for dette produktet. ”Geit i Vekst” vil ta initiativ til eit samarbeid med Nortura med sikte på å løyse utfordringane.

Andre ting:
Det har vore fleire gardsbesøk med bakgrunn i byggeplanar, eit besøk med bakgrunn i planer om ny fjøs og eige ysteri. Det har vore halde møte der ein m.a. har diskutert meir samarbeid/samdrift.

I Hordaland har det vore arrangert to møter (Skånevik og Bjørkheim) i samarbeid med prosjektet: Utvikling av økologisk geitehald, som er eit landsdekkande prosjekt. Biletet er frå møtet i Skånevik. Det er prosjektleiar Heidi Nilsen som orienterer.

Elles så har eg vore på møte med geitehaldarane i Rogaland etter initiativ frå landbruksavdelinga der. Tema for møtet var lokal foredling og frammøtet var sers bra.

Har og brukt ein del tid på å lage ei felles uttale til jordbrukstingingane frå Sau og Geit i dei tre fylka som prosjektet omfattar. Å få på plass igjen retten til avløysartilskot ved sanering var eit av hovudbodskapen.

Dette er berre lite utdrag av dei mange ting som har vore arbeidt med.

I den nærmaste tida vil ein arbeide med å utvikle eit spørjeskjema som skal sendast alle geitehaldarane i dei tre fylka. Bakgrunnen er ynskje om å få ei oversikt over no situasjonen og i tillegg kva tankar den einskilde geitehaldar gjer seg om framtida.

Attende til hovudsida